- Ideane kjem, det er berre å vente litt.
- Å repetere seg sjølv er jævla kjedeleg.
- Eg treng klare rammer når eg skal tenke nytt.
Slik tenker dei kreative blant oss.
Publisert: 24.09.2026
Lars Mytting
Forfattaren
– Sit du og trælar så må du berre fortsette, koste kva det koste vil.
– Særleg midtpartiet i ein roman kan vere trå å få til. Da seier eg til meg sjølv at dette er det viktigaste eg driv med. Alt anna må vekk.
Mytting går all in når han skriv.
Forfatteren av suksessboka «Heil ved» gir seg ikkje om det luggar litt.
– Inni desperasjonen finn eg òg kreative element. Da er det berre å stå i det, ikkje gi slipp.
Stein Torleif Bjella
Musikaren
– Opp gjennom åra har det bygd seg opp eit ønske om å lage noko, heile tida.
Låtskrivaren og gitaristen hugsar ikkje å ha gått tom for idear. Han kjenner seg som i en eviglang prosess.
– Eg startar ikkje opp med nye prosjekt før eg veit at eg har noko.
Hilde Grøneng
Arkitekten
– Eg er glad eg ikkje er kunstnar med frie tøyler. Eg må levere noko funksjonelt.
Arkitekten i RAM jobber med både offentlige og private prosjekt og har fokus på trevirke og harmoniske rom.
– Eg berre startar ein stad og finn noko å spinne vidare på, eit tre eller eit nabobygg, kva som helst.
Alle byggekrava tvinge arkitekten til å finne løysingar som funkar. Nettopp desse avgrensingane gjer Hilde kreativ.
– Eg leiker med 3D-modellar og situasjonskart, og brått ser eg nye ting å ta tak i.
Hilde er glad ho jobbar i eit fellesskap.
– To hovud tenker betre enn eitt.
Eldar Vågan
Tusenkunstnaren
– Eg har kanskje for mange idear. Eg må ta meg saman for å orke å gjennomføre alt.
Eldar Vågan var frontfigur i Vazelina Bilopphøggers og spelar framleis på fleire strengar.
Eldar formidlar musikkhistorie i gamleskulen på Toten. Der heng òg dei muntre teikningane hans.
– Ideane kjem når eg høyrer historiane til folk, orginalar som er gode til å fortelje.
66-åringen skriv og teiknar for hand, da fester ideane seg betre og dei modnes over tid.
Torbjørn Kvasbo
Keramikaren
– Eg byrjar med leirklumpen frå eit absolutt nullpunkt. Eg startar aldri med ein ferdig idè.
Når den verdskjende keramikaren tek leire i nevene og byrjar fikle, då kjem skapartrongen.
Torbjørn Kvasbø har verkstad heime i Venabygd og er ikkje den som tyr til skisser på eit teikneark.
– Rydding er ofte en god start når du skal bryne deg på noko nytt.
Kvasbø er nett komen heim frå Kina og skal snart til New York med kunsten sin. Han anar ikkje enno kva han skal stille ut, men trur det vil ta pusten frå folk.
Trude Hella Eide
Forskaren
– Nye idear trengs meir enn nokon gong!
– Det er ikkje berre i dei såkalla kreative yrkene at dei må drive med nytenkning.
Trude trur verda treng fleire som veit å øve opp den kreative muskelen. Ho tek det ho finn for å få studentane til å sjå ting på nye måtar.
– Før BAR vi rundt på kofferten sjølv om HJULET var oppfunne. Og slik var det i generasjonar.
Trude tyr ofte til koffert-historia når ho skal tydeleggjere kva som meines med kreativitet.
– Ein luring satte dei to elementa saman, og vips; så fikk vi TRILLEKOFFERTEN!
– Jeg har aldri tenkt på meg sjølv som ein kreativ person før eg byrja å jobbe fagleg med temaet.
Korleis få nye idear i kvardagen?
Dette bør alle øve på, seier forskar Trude Hella Eide
Keramikaren meiner dette ikkje gjeld berre dei små grå i topplokket.
– Hendene dine tek størst plass i hjernen. Bruk dei! Da kan du utvikle deg, rett og slett.
Nokre syns det kan bli for mykje mas om kreativitet.
– Det kunne òg vore godt om ideane stoppa opp litt. Da hadde eg berre fiska og drive med ved.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 2 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 3 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 4 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 5 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 6 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 7 | Pensamiento Creativo | 0 | 10 | 13-10-2026 |
| 8 | Облизнись | 0 | 0 | 20-07-2026 |
| 9 | ........ | 0 | 0 | 19-08-2026 |
| 10 | il bosco | 0 | 0 | 18-01-2009 |