To av de er tiltalt for å ha skaffa seg, oppbevart og selt narkotika.
Det skal gjelde 137 kilo kokain, 25 kilo hasj og 3 kilo amfetamin.
Dei er også tiltalt for grov kvitvasking av 240. 000 kroner.
Det opplyser statsadvokat Kristine Knutsen-Berge til NRK.
Ein av dei tiltalte er ein NHH-student. Han skal saman med ein forretningsmann frå Austlandet ha kjøpt narkotika for nesten 10 millionar kroner, meiner politiet.
– For dei andre to gjeld hovudpunkta i tiltalen 6 kilo kokain, 10 kilo hasj og 102 gram amfetamin, seier Knutsen-Berge.
Bilde frå politiet er frå eit hasjbeslag i Bergen i november 2025.
Faksimile: Vest politiPolitiet har gjort beslag av narkotika fleire plassar i landet.
– Bevisa tilseier at dei tiltalte har hatt ulike roller, der nokre har hatt leiande roller og andre har utført konkrete oppdrag, seier Knutsen-Berge.
Ifølgje statsadvokaten er dette ei alvorleg sak med betydeleg mengder narkotika.
Strafferamma for det mest alvorlege forholdet er på 21 års fengsel.
– Tiltalen er eit resultat av ei omfattande og grundig etterforsking, og politiet si målretta innsats mot kriminelle nettverk, seier ho.
Statsadvokat Kristine Knutsen-Berge seier at politiet har gjort beslag av narkotika fleire plassar i landet.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKDen tiltalte NHH-studenten skal ha betalt for narkotikaen via krypto. Kommunikasjonen skal ha føregått på krypterte meldingstenester.
Studenten har sete i varetekt sidan desember 2025.
Politiadvokat Jørgen Henriksen fortel at dei gjennom etterforskinga har gjort beslag av kryptovaluta.
Studenten skal ha disponert store verdiar i ei kryptert kryptolommebok. Han ville ikkje oppgi kodane til lommeboka for politiet.
I eit rettsmøte frå september kom det fram at politiet hadde lukkast å få tilgang til lommeboka. Retten meinte det styrka mistankegrunnlaget mot mannen.
Det blei bestemt at mannen skulle sitte i varetekt fram til rettssaka startar.
Politiet knyter ikkje saka til eit miljø på NHH.
Rettssaka startar i Hordaland tingrett 16. november. Det er sett av tolv dagar til saka.
NHH vil ikkje kommentere saka.
– Vi har ingen indikasjonar på at saka har tilknyting til studentmiljøet på NHH, seier direktør Geir Mikalsen for kommunikasjon og samfunnskontakt ved NHH.
Publisert 14.10.2026, kl. 10.37 Oppdatert 14.10.2026, kl. 13.09
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Ростовского студента задержали по подозрению в торговле наркотиками | 0 | 0 | 05-08-2021 |
| 2 | Fyra års fängelse efter knarkfynd i Forserum | 0 | 10 | 05-09-2026 |
| 3 | Misstänkt narkotikabrott i Nässjö – två begärs häktade | 0 | 5 | 15-06-2026 |
| 4 | Eiendomsmegler dømt for å ha økt takster mot betaling | 0 | 7.34 | 17-07-2026 |
| 5 | Mistanke om ruskøyring | 0 | 6.78 | 14-08-2026 |
| 6 | Flyttet 10 millioner kroner på 26 dager: Dømt for grov hvitvasking | 0 | 16.9 | 14-10-2026 |
| 7 | Студент из Экваториальной Гвинеи попал под суд в Екатеринбурге | 0 | 14 | 21-08-2026 |
| 8 | В Петербурге подростка обвинили в покушении на сбыт наркотиков | 0 | 7.23 | 19-08-2026 |
| 9 | Ber om ungdomsstraff for tenåringer i drapsforbund-sak | 0 | 10.41 | 22-09-2026 |