Heime hos redaktør Jonas Sætre i nettavisa Stord24 står ei lita antenne på taket.
Det er forbindelsen mellom heimen hans og det store internettet, der abonnentane les nettavisa.
Den forbindelsen går via ein av Elon Musk sine satellittar, kalla Starlink.
– Det mest vanskelege var å ta hol i veggen. Deretter var det veldig enkelt å få det til å fungera, forklarer Sætre.
I sommar bytta han ut lokalt fiber med satellitt.
Slike satellittar frå Starlink blir det stadig fleire av. No er det over 11.000 som sirkulerer rundt jordkloden. Fleire vel no å henta ned breiband herifrå. Foto: SpaceX
Trass i at han var nøgd med fibernett, vart det for dyrt.
– For meg var det utelukkande eit praktisk og økonomisk spørsmål. Eg regna på det og fann ut av me kunne spara fleire tusen kroner i året på å gå over til Starlink, seier tobarnsfaren.
Tidlegare hadde han eit abonnement hos Haugaland Kraft til 849 kroner per månad. Som var den lågaste prisen per månad.
No betalar han 589 kroner per månad hos Starlink, for litt høgare netthastigheit.
Dermed sparar han om lag 3.000 i året.
– Me strøymer fotballkampar, og det går heilt fint. Hittil har Starlink fungert veldig bra, seier han.
Gunn Margareth Lassesen, direktør for kommunikasjon og kundetenester i Haugaland kraft, seier dei ikkje opplever at mange av deira kundar gjer som Sætre.
Dei har heller ikkje noko stor uro knytt til Musk sitt inntog i norske heimar.
Lenger nede i saka kan du lesa kva andre aktørar meiner.
Redaktøren i nettavisa Stord24 har full kontroll på kva som skjer i verda via satellittbreiband. Han meiner breibandsleverandørane må justera prisane sine. Foto: Olav Røli / NRK
Sætre er ikkje åleine med å ta i bruk satellittkommunikasjon til internett. Tal frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) viser at Starlink aukar talet på breibandskundar i Noreg.
Ved utgangen av 2024 var det 3.833 abonnentar som fekk breiband via Starlink.
Eitt år seinare, ved utgangen av 2025 var same talet 14.981, noko som er ei firedobling.
Likevel eit lågt tal, og marknadsandelen er framleis berre 0,6 prosent.
Samstundes eit signal om at marknaden er i endring.
Det meiner i alle fall Rupert Wood, som i september var foredragshaldar på Telekom-konferansen som vart halde i Oslo 10.
Innlegget hans er omtala på nettstaden digi.no.
Dei skriv at Elon Musk sine satellittar kan bli ein reell trugsel for fibernettet i Noreg.
Økonomiprofessorar: – Kan endra prisane for alleWood og selskapet Analysys Mason har mellom anna analysert prisane i marknaden, og komme til at fiber i Noreg er høgt prisa, medan Starlink er det motsette.
Digi.no skriv at fiberprisane er langt lågare i land som Australia, New Zealand, Storbritannia og USA. Dermed er det lettare å konkurrera med Starlink på pris.
Det motsette er tilfellet i Noreg.
Fleire økonomiprofessorar peiker på at Starlink i alle fall vil ha ein disiplinerande effekt på prisane på breiband i Noreg.
Meiner bransjen står overfor to dilemmaBjørn Hansen, instituttleiar ved Universitetet i Sørøst-Noreg (USN), trur tyngdekrafta vil føra fleire til Musk når dei ser at det er pengar å spara.
– Så lenge kvaliteten er mogleg å samanlikna, vil kundane etter kvart bevega seg dit prisane er lågast, trur han.
Han meiner dei etablerte aktørane har to val for å møta konkurransen.
– Anten må dei møta konkurransen og redusera prisane for å bli konkurransedyktige med Starlink. Då vil dei tapa masse pengar på eksisterande kundar. Eller så kan dei sitja stille, halda oppe prisnivået og sjå at dei tapar deler i marknaden, seier han.
Elon Musk er kjent for å vera disruptiv.
Alle som har følgt den norske bilmarknaden veit kva ein Tesla er. Og få bilar er vel så omdiskutert som nettopp den.
Men du skal ikkje lenger tilbake enn til 2012 før det nærmast var ein sensasjon at ein Tesla køyrde frå Oslo til Bodø.
Bjørn Hansen ved USN ser likskapstrekk mellom Tesla og Starlink.
– Å vera distruptiv er å angripa marknaden på uortodokse måtar, med veldig gode tilbod. Dei går inn med prisar som er så låge at dei klarar å skaffa seg store deler av marknaden.
Nyleg passerte Tesla Model Y over 100.000 nyregistreringar.
Tesla Model Y har passert 100.000 nyregistreringar i Noreg, og den har blitt eit symbol på ein bilmarknad i fullstendig endring. Foto: Carlos Osorio / AP / NTB
Sidan journalisten fatta interesse for problemstillinga, har fleire annonsar for Starlink dukka opp i feeden på sosiale medium.
Konserndirektør digitale tenester i Sognekraft, Ole Petter Hatlevoll, har lagt merke til det same. At Starlink no verkar å vera på offensiven med marknadsføring.
Han er også styreleiar i Fiberforeningen, ei foreining for aktørar i fiberbransjen.
– Eg veit også at det er lagt brosjyrar i postkassen til folk med Starlink-reklame. Både her i Sogn, men også andre stader i Noreg, seier han.
Førebels er han ikkje uroleg for inntoget til Elon Musk på breibandsmarknaden.
– Me har ikkje opplevd nokon stor mengde med kundar som har byta, seier han.
Ole Petter Hatlevoll er styreleiar i Fiberforeningen, og konserndirektør for digitale tenester i Sognekraft. Han har opplevd at kundar har byta frå fiber til satellitt, men volumet er lite. Han meiner uansett at det på sikt kan truga norske arbeidsplassar og infrastruktur. Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK
Hatlevoll meiner ein her samanliknar to forskjellige produkt, breiband via satelitt og via fiber, når det gjeld kapasitet og stabilitet. Og at fiber har klare fortrinn.
– Det går fint med satelittbreiband om du skal leite etter ting på internett eller lese ei nettavis. Men skal du ha ein videokonferanse, går det dårlegare, seier han.
Den største uroa til Hatlevoll, om fleire går over til breiband via satellitt, er at det trugar lokale arbeidsplassar.
– Eg er ikkje uroa for at satellittbreiband vil ta over marknaden, men eg er uroa viss mange vel den løysinga i staden for det norske breibandsnettet. Då vil det på sikt gå utover den norske infrastrukturen, og igjen investeringsviljen. Det vil igjen gå utover både kvalitet, tryggleik og beredskap, meiner han.
At det er dyrt med breiband via fiber vil han ikkje vera på.
– Det er ikkje dyrt med breiband samanlikna med andre tenester du er avhengig av og som du betalar for, som kommunale avgifter. Å ha eit godt og stabilt breiband er langt oppe på lista over kva folk treng, seier han.
Nettavisredaktøren brenn for informasjonsfridom, og meiner Elon Musk sine satellittar er viktig for dette. I 2022 vart det diskutert å blokkera nettsider frå Russland i Noreg. Foto: Olav Røli / NRK
På Stord har redaktøren reflektert over rolla til Elon Musk.
– Eg deler uroa til dei som meiner det er uheldig at verdas rikaste mann kontrollerer ein så stor del av den globale infrastrukturen på internett. Men eg brenn også for informasjonsfridom, og satellittbreiband har ein demokratiserande effekt, spesielt i autoritære land der myndigheitene då ikkje har mogelegheita til kontrollera og sensurera internett, seier han.
Sætre minner om at det var seriøst vurdert i Noreg å blokkera to russiske nettstader då Ukraina-krigen starta i 2022.
– Så me kan ikkje vera naive i Noreg, heller, meiner han.
Publisert 14. okt. kl. 09:40
Oppdatert 14. okt. kl. 10:43
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Satélite | 0 | 10 | 31-07-2026 |
| 2 | ФРГ и Норвегия намерены создать в космосе сеть из 75-100 спутников к 2029 году | 0 | 0 | 10-12-2025 |
| 3 | Российская частная компания планирует создать группировку спутников для интернета вещей | 0 | 0 | 02-11-2020 |
| 4 | Tunnel halverer ikkje passasjertalet | 0 | 10 | 12-10-2026 |
| 5 | SpaceX запустила ракету с более чем 60 микроспутниками | 0 | 0 | 03-12-2018 |
| 6 | Reuters: SpaceX планирует к осени обеспечить беспроводной интернет по всему миру | 0 | 0 | 22-06-2021 |
| 7 | Роскосмос может начать выпуск спутников для "Газпрома" | 0 | 0 | 31-12-2020 |
| 8 | SpaceX планирует к осени обеспечить беспроводной интернет по всему миру | 0 | 0 | 22-06-2021 |
| 9 | SpaceX запустит 100000 спутников Starlink нового поколения | 0 | 5 | 10-07-2026 |
| 10 | Роскосмос выведет на орбиту частные спутники на ракетах, предназначавшихся для OneWeb | 0 | 0 | 08-03-2022 |