Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Fleire vil overvake hyttene etter uoppklarte brannar: – Vi er bekymra

Дата публикации: 18-10-2026 16:25:10

To nye hyttebrannar på Emblemsfjellet i Ålesund har skapt stor uro for ei ny bølgje av brannar. No vil fleire hytteeigarar sette opp overvakingskamera.

Основное содержимое страницы с новостью.

Søndag ettermiddag var Lars André Bigton eins ærend opp til familiehytta på Emblemsfjellet. I sekken låg eit nyinnkjøpt viltkamera. Planen er å kjøpe inn fleire.

– Hendingane dei siste dagane med brann på fjellet gjer at vi er bekymra, seier han og legg til:

– At hytter som har stått her i 100, 200, 300 år ikkje får stå i fred, er jo heilt forferdeleg.

Torsdag kveld og natt til fredag brann to hytter ned til grunnen, og det er mistanke om at brannane er påsette.

Brannane skjer berre kilometer frå Sulafjellet, der det har vore seks uoppklarte hyttebrannar dei siste åra.

No fryktar fleire at bølgja av brannar har spreidd seg til nabofjellet.

– Det er forferdeleg, det som skjer. Det er tragisk, seier Bigton.

Bigton seier han har snakka med fleire andre dei siste dagane som gjer som han. Håpet er at overvakingskamera skal skremme vekk ein eventuell ubedd gjest.

  • Brannar på Emblemsfjellet.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Den eine brannen.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Den andre brannen.

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Begge blei nedbrent.

    Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
  • Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
  • Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
  • Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
  • Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Hentar ned ting frå hytta

Hytta til familien Bigton er godt kjent blant turgåarar i området og er nær 100 år gamal.

Søndag ettermiddag henta familien hyttebøker og andre ting som dei vil sikre for ettertida, i frykt for at det skal brenne opp.

Helene Bigton og Solgunn Osnes er redde for at nokon vil sette fyr på hytta.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Vi er bekymra for hytta vår. Vi er redde for at det skal bli tent på her òg. Dersom det er nokon som har sett fyr på dei to andre, så kan jo denne personen halde fram, seier Helene Bigton.

Hytteeigar Trond-Petter Kaasbøll er også uroleg for det som har skjedd, og vurderer å sette opp overvakingskamera, slik som Bigton-familien.

Han seier at han ikkje er redd, men meiner det er viktig å finne den moglege gjerningspersonen før fleire hytter går opp i flammar.

Trond-Petter Kaasbøll er på hytta på Emblemsfjellet kvar einaste helg. Etter dei to hyttebrannane vurderer han å sette opp eit kamera.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Framleis ingen mistenkte

Politiet seier dei foreløpig ikkje har nokon mistenkte i saka, og vil framleis ha tips frå publikum.

Operasjonsleiar Jan Arild Austnes hos Møre og Romsdal politidistrikt seier dei jobbar breitt.

– Vi jobbar vidare, og har fokus på desse brannane for å finne ut kven som har gjort det og kva som har skjedd.

Han ønsker ikkje å kommentere opplysningane om at fleire hytteeigarar har sett opp kamera.

– Det er veldig skremmande

Politiet har heller aldri funne ut kven som sto bak brannane på nabofjellet i Sula.

Olav Hoff opplevde å miste ei hytte og eit anneks i brannane der. No er det hytter på nabofjellet som brenn.

Hoff fryktar at det kan vere same gjerningspersonar som står bak dei nye brannane.

– Det er veldig skremmande. Ein kan jo ikkje vite sikkert. Men eg tenkjer at det ikkje kan vere så mange galningar som driv på med dette.

Olav Hoff opplevde at både hytta og annekset brann ned i 2023

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Hoff seier at hyttebrannane på Sulafjellet har ført til at mange kjenner seg utrygge.

Sjølv sjekkar han kvar morgonen kameraet som han har montert på den nye hytta. Han vite om hytta framleis står.

– Hytte skulle vere ein plass du kunne gå og slappe av og ikkje tenkje på så mykje anna enn det som er kjekt. Men dette har skapt ei kjensle av utryggleik og frykt.

Håper det tek slutt

No håper hytteeigarane både på Sulafjellet og Emblemsfjellet at politiet klarer å løyse gåta, og at det blir slutt på dei uoppklarte brannane.

– Det beste som kan skje er at den personen som eventuelt tenner på blir tatt, slik at det blir stoppa, seier Solgunn Osnes.

Hyttene på Emblemsfjellet var heilt nedbrende etter brannane torsdag kveld og natt til fredag.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 18.10.2026, kl. 18.25

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Rykket ut etter ny melding om brann på fjellet04.4918-10-2026
2Vil ha tips etter observasjon av personbil05.8719-10-2026
3Én til sykehus etter boligbrann i Oslo01004-08-2026
4Politiet ser ti uoppklarte brannar i samanheng – framleis ingen mistenkte08.5219-10-2026
5Røykgranat mot bolig i Asker – to pågrepet07.7404-08-2026
6Rykker ut til røykutvikling i bolig06.417-10-2026
7Hele brann-Norge stilte opp: – Utrolig takknemlig013.4525-07-2026
8Ålesund: Politiet ber folk sikre kameraovervaking01019-10-2026
9Aurskog-Høland: Bilbrann – mulig påtent0707-07-2026
10Deras hus förstördes i Drammen – visade sig vara oförsäkrat: ”Desperata”07.6225-07-2026

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 8.31. Источник: www.nrk.no.