Store politistyrker aksjonerte ved eit nedlagt fengsel torsdag.
Sjølv om dette skjedde i Innlandet, var det Øst politidistrikt som gjennomførte aksjonen.
– Øst politidistrikt har i dag gjennomført ein planlagd aksjon mot gamle Bruvoll fengsel i Nord-Odal, og det blir no gjennomført kriminaltekniske undersøkingar på staden. Dette vil gå føre seg i noko tid.
Hærem skreiv vidare at det er fleire pågripne i saka, og at desse er sikta for medverknad til grov narkotikaovertreding, og det blir vurdert varetektsfengslingar.
Politiet ville ikkje ut med fleire detaljar om kor mange som er pågripne. Heller ikkje om kva slags narkotikakriminalitet det er snakk om.
– Saka er i ein heilt innleiande fase, og av omsyn til etterforskinga kan vi ikkje gå ut med fleire opplysningar på noverande tidspunkt, skreiv ho i e-posten.
Politiadvokat Ingrid Hærem i Øst politidistrikt.
Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRKIfølge avisa Glåmdalen var det torsdag ettermiddag eit tosifra antal politifolk i arbeid på staden.
Det vart også brukt politihund.
Torsdag kveld jobba fleire kriminalteknikarar på tomta.
Kriminalteknikarar jobbar på staden torsdag kveld.
Foto: Ann-Kristin Mo / NRKAdvokat Wali Gilani er forsvarar for ein av dei sikta i saka.
Då NRK snakka med han like før kl. 19 torsdag kveld, hadde han akkurat møtt klienten sin.
Gilani kunne ikkje seie noko som helst om korleis klienten hans reagerer på siktinga.
– Det har eg ingen kommentar til, sidan etterforskinga i denne saka er klausulert.
Gamle Bruvoll fengsel vart bygd som leir for sivilforsvaret, men var i drift som fengsel frå 2006.
I 2019 var det lagt ned, og i 2021 vart det seld til private kjøparar.
Publisert 22.10.2026, kl. 18.11 Oppdatert 22.10.2026, kl. 22.39
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Fyra misstänkta efter polisens dopningsvecka | 0 | 7.16 | 17-10-2026 |
| 2 | В Северной Осетии пресекли каналы сбыта крупных партий наркотиков | 0 | 0 | 14-03-2021 |
| 3 | Hade knarktallrik i attefallshus – döms mot sitt nekande | 0 | 6.87 | 16-10-2026 |
| 4 | Подозреваемые в наркоторговле ранили двух сотрудников полиции при задержании в Кургане | 0 | 0 | 15-09-2021 |
| 5 | Двое мужчин задержаны при попытке пустить стрелу с наркотиками через забор СИЗО Москвы | 0 | 0 | 16-06-2020 |
| 6 | Пятеро участников незаконного митинга в Северной Осетии получили административные аресты | 0 | 0 | 21-04-2020 |
| 7 | Полиция проводит задержания причастных к организации незаконных акций КПРФ в Москве | 0 | 0 | 29-09-2021 |
| 8 | Полиция изъяла более 500 разовых доз наркотиков у арестованной преступной группы | 0 | 0 | 28-01-2019 |
| 9 | Полицейские установили участников конфликта в Северной Осетии, в котором погиб человек | 0 | 0 | 14-02-2020 |
| 10 | Solan Gundersen møtte opp på Stortinget | 0 | 10 | 21-10-2026 |